Site hosted by Angelfire.com: Build your free website today!

HALVOR J. SANSDALEN





IDAG

Om sju tusen år
er denne klokka
berre eit minutt
for sein,
seier vitskapsmannen stolt.
Sju tusen år
og berre eit minutt
for sein ---

Kva skil det meg
om klokka er eit minutt
for sein
om sjutusen år?

I dag bygger stæren reir
under taket vårt.
Hyllen blømer ved bursveggen
og hagen er kvit
av kirsebærblomst.

I dag nynnar ei kvinne
på badet.
Kva skil det meg
om klokka er eit minutt
for sein
om sju tusen år?



Ta vare på de små ting, de korte øyeblikk,det er NÅ du lever!







Tilbake til lyrikksida